Tomansbustad Ulltang | Pur interiør
22175
page-template-default,page,page-id-22175,page-child,parent-pageid-18694,stockholm-core-1.1,select-theme-ver-5.1.7,ajax_fade,page_not_loaded,menu-animation-underline,wpb-js-composer js-comp-ver-6.0.3,vc_responsive

Tomansbustad Ulltang

Til denne bustaden laga vi fargeplan til alle rom, og bistod kunde i valg og design av kjøkken og valg av golv. Kunden ønska ein moderne, maskulin, nordisk stil, men fortsatt nøytralt sidan huset skulle selgast med ein gang det var ferdigstilt. Vi har valgt nøytrale fargar i opphaldsromma med ein lys grå grunnfarge som er gjennomgåande i heile bustaden. Vi valde ein komplimentær fargepalett som går frå kalde fargar i hovedetasje til ein varmare fargepalett i underetasjen. Kjøkkenet er spesialdesigna ut frå kunden sitt behov og ønsker av eit møbelsnekkeri. Vi har også styla bustaden med møblar og interiør. Vi valde å ta igjen fargen på kjøkkenet i spisemøblane som er i svart og røkt eik. I hovudromma har vi valt aksentfargar på tekstilar og planter i mørk brunt, blått, grønt og grått med nokre få kontrastar i oransje.

moodboard frå planlegging av prosjektet

(foto på moodboard er lånt frå Dear Sam official, Cate St Hill, Fredrik Persson & Artilleriestore)