Om meg | Pur interiør
18859
page-template,page-template-full_width,page-template-full_width-php,page,page-id-18859,stockholm-core-1.1,select-theme-ver-5.1.7,ajax_fade,page_not_loaded,menu-animation-underline,wpb-js-composer js-comp-ver-6.0.3,vc_responsive

Om meg

Bli bedre kjent med meg

Astrid Marie Vie

Hei
Eg heiter Astrid Marie Vie og jobbar som interiørdesigner og fotograf i Pur interiør.
Eg er utdanna interiørdesigner og har studert marknadsføring og kommunikasjon ved Markedshøyskolen BI. Eg starta min første interiørblogg i 2009 og har jobba med interiør og fotografering på deltid sidan då. I 2018 byrja eg å jobbe fulltid med interiør og foto.

Litt om mitt arbeid

Eg samarbeidar med eigedomsmeklarar på styling av bustad og fotografering. Eg veit kva som skal til for å framheve bustader, interiør og produkt på best mogleg måte. Bileta eg leverer er alltid av høg kvalitet og profesjonell redigering.

 

Eg blir ofte hyra inn for å style og ta bilete av bustader i samme bestilling. Ved å booke styling og foto hos meg slepp du å forholde deg til fleire aktørar enn nødvendig i salsprosessen. Du er garantert gode bilete som framhever det spesielle ved din bustad og som er med å fange potensielle kjørarar si interesse.

Blant mine tenester finner du også interiørdesign. Skal du pusse opp, bygge nytt eller møblere heimen ditt på nytt, så kan eg hjelpe deg med planlegging og gjennomføring. Det gjer prosessen mindre stressande for deg som kunde, og du får eit gjennomarbeida forslag med material- og fargevalg, tekstil og møblar som passar akkurat din stil og din bustad. Eg tilbyr også interiørdesign til bedrifter. Program som eg nyttar i mitt arbeid er ArchiCAD, Sketchup og Vray. I mitt daglege arbeid med kundar nyttar eg eit program der du som kunde får tilgang til planteikningar og utsnitt i fotoekte finish, du får tilgang til innkjøpslister og moodboard. Ta kontakt om du ønskjer eit uforpliktende tilbod på ditt prosjekt.